Alle personar over 62 år plar få invitasjon til eldretreff i april eller mai kvart år.

Elevar og lærarar ved Øvrebygda skule gjorde ein flott innsats for at dei eldre i krinsen skulle få ein triveleg føremiddag i gymsalen. Ailin og Markus i 3. klasse stod i hallen og ønskte velkommen saman med rektor Sigmund Aarland. Alle elevane kom marsjerande inn til feiande musikk. Flinke programleiarar var Edith og Daniel. Morten, Mads, Vegard og Thomas i 5. klasse viste kva dei meistrar på blokk-fløyte. Det var danseoppvisning ved fleire jenter og ein modig gut. Elevane på småsteget tok godt i då dei framførte songar frå eit musikk-spel som var innøvd tidlegare. Edith og Kristi spelte vakker musikk på kornett. Å syngje på engelsk var ikkje noko problem for Amalie og Charlotte.

Då matøkta tok til, var det elevane i 7. klasse som kom smilande inn med smørbrød, kringle og kaffe. Det vart tid til ein god drøs, og nokre av elevane fekk ein prat med oldemor eller bestemor. Allsong høyrer med til ein fest, og Lars spela trekk-spel. Han takka og for invitasjonen på vegne av alle pensjonistane. Elevar og lærarar fortener stor takk for eit flott tiltak.