Det er tradisjon at kulturskulen medverkar i julemøtet.

Ved opninga av budsjettmøtet onsdag, stilte rektor Anne Lene Østvold Jordåen opp saman med fire elevar: Susanne Sørfonn, Maria Båtstad, Celina Bernes og Andrea Brakedal. Alle fire er pianoelevar, og dei spelte kvar sitt stykke til stor applaus frå kommunestyrerepresentantane. Etterpå fekk dei kvar sin sjokolade frå ordføraren. Det er ikkje kvar dag dei får sjokolade midt i skuletida!

Ingressbilete: Susanne Sørfonn var den første ved pianoet. Foto: Harald Johan Sandvik