Mikkel Gaup og medspelar Halvdan Nedrejord joika ikkje berre med elevane. Etter eit minikort joikekurs under konserten på Rimbareid skule i føremiddag, vart også ungdomane sjølve med på joikeleiken.

Skulekonserten hadde fått namnet «Joik har større kraft enn krutt», og «med konserten ønskjer ein å gje elevane ei direkte oppleving av joik, formidla gjennom dei forskjellige formene for joik, og syne fram i kva for samanhengar dei vert brukte». 

Om lag slik stod det i konsertprogrammet, og slik vart det òg. Me er difor trygge på at elevane som var til stades no skjønar at joiken har mange element og uttrykk. Og dei likte det dei fekk høyre. Me snakka i alle fall ikkje med nokon etterpå som meinte noko anna. Nokre joika jamvel framleis på veg opp til klasseromma etter konserten som fann stad i gymsalen på skulen.

To av elevane, Aleksander Haugvaldstad og Morten Korsvik, var så modige og sporty at dei steig fram ved sida av Gaup då han oppmoda nokon til å kome fram for å vere med på å illustrera ei lita framføring. Mellom anna fekk dei to gutane latteren fram i salen då dei etterapa to forflira jenter.

Etter konserten flokka elevane seg om Mikkel Gaup. Ikkje så rart det profilert som han er gjennom TV-program og filmar som «Veiviseren» og «Kautokeinoopprøret». Mange syntest det var stas berre å ta han i handa og snakke nokre ord med han. Russen nytta høvet til å få autografen på russeluene sine.

Alt i alt var det imponerande av både Gaup og dyktige Halvdan Nedrejord å fenge elevane slik dei gjorde med berre ei handtromme som komp.