Fitjar kulturskule er kjent for sin høge kvalitet, men sjeldan har me blitt meir imponert enn når Johannes Moldestad Oma sat seg ned ved tangentane under gårsdagens kulturskulekonsert.
Heilt utan notar spela han på imponerande vis den krevjande, og raske 3.satsen frå Ludwig van Beethoven sin «måneskinnssonaten». Men Johannes gav seg ikkje der, og spela like godt to songar på trombone for oss ogso. Då saman med broren Ole Kristian, og Emma Fitjar Hjelle.

Sistnemnte kjem frå ein søskenflokk på 5, der alle skulle opptre, men Mari Fitjar Hjelle var diverre sjuk, og hennar framføring gjekk ut. Jon Fitjar Hjelle derimot spela kornett, saman med Sebastian Lie Koppang, Daniel Livastøl og Maren Rydland. Anna Fitjar Hjelle imponerte på althorn og piano. Medan Ola Fitjar Hjelle spela piano og tuba.
Tubanummeret var underteikna sin personlege favoritt. Ola Fitjar Hjelle, Sigmund Mikal Aga Hopperstad, Rune-Andrè Holmedal og Liv Hanna Raunholm gav oss den stilige «Imperial March» frå Star Wars.

Kulturskule rektor Håvard Kroka røpa frå scena at han ikkje hadde sett dei, so her må nokon ta ansvar å gje han eit sett av filmane til jul.
– Klør etter å opptre
– Det er utruleg kjekt å invitera inn til konsert att. Av openbare grunnar har me ikkje hatt det sidan mars, og eg trur elevane er svært klare til å igjen få visa fram kva dei har kan, fortalde Kroka.
Elevane såg ut til å lika å stå på scena igjen, både dei meir rutinerte elevane, men ogso nykommarane. Kveldens tøffaste var nok aspiranten Sunniva Wiik. Til tross for kort fartstid i kulturskulen spela ho to songar for oss på kornetten sin.

Konserten var ikkje berre svært underhaldande, men ogso svært godt organisert med tanke på smittevern.
Fitjarposten takkar for invitasjonen, og vil senda ros til alle elevane som opptredde. Sjå fleire bilete i galleriet:
Alma Brekke, Anna Fitjar Hjelle, Siren Brekke, Liv Hanna Raunholm og Ingeborg Prestbø spelte saman med Svein Roger Koppang. Foto: Ingrid Hovstad Sebastian Lie Koppang, Daniel Livastøl Aga, Maren Rydland og Jon Fitjar Hjelle på kornett. Foto: Ingrid Hovstad Andreas Sørfonn, Jehanna Karina Acevedo Albornoz og Aurora Skumsnes Skålevik på althorn. Foto: Ingrid Hovstad Tomas Sandvik, Robin Skumsnes Skålevik, Edel Brekke, Sofie Vik og Ole-Jakob Wiik på kornett. Foto: Ingrid Hovstad Olava Devik på piano. Lisa Mjanger Vik på piano. Foto: Ingrid Hovstad Kjetil Andreas Gloppen, Einar Auestad, Selma Anuglen og Sarah Lie Koppang på baryton og althorn. Foto: Ingrid Hovstad