Det høvde godt med treff for pensjonistane i kommunen si jubileumsveke.

Også i år fekk pensjonistane i Øvrebygda invitasjon til fest på skulen. Elevane deltok med song og musikk. Små og store var flinke til å synge både på engelsk og norsk.Ei gruppe spela fløyte under leiing av musikk-skulerektor Anne M. Ø. Jordåen. I matpausa serverte dei eldste elevane  smørbrød, kringle og kaffi. Nokre elevar nytta høvet til ein prat med besto eller oldemor. Lars K. Helland akkompagnerte på trekkspel under allsongen. Rektor Sigbjørn Aarland sette fokus på fortida og intervjua Elisabeth Rydland som  fortalde  korleis det var å gå på skulen då ho vaks opp. For elevane vart det som eit glimt frå gamle dagar, og mange hadde noko dei ville spørje om. Elles hadde skulen laga til utstilling av gamle bruksting som bygdefolk lånte ut. Denne fanga og  pensjonistane si interesse.  Elevane  har dessutan lært mykje om fortida ved  lokalt museumsbesøk hos Arne Tislavoll.

I hallen var det høve til å sjå ei imponerande formingsutstilling som heile skulen har grunn til å vere stolt av.