Ein dag i månaden vert det arrangert  eldretreff eller ope hus på bedehuset der song og musikk er faste innslag.

Lars Helland har alltid med seg trekkspelet. Kvar gong har me føredrag med ulike tema frå lokalmiljøet.

I februar var det Knut Rimbereid som fortalde om forfedrane våre si utvandring til Amerika.

Ei god pause med kaffe og påsmurde rundstykke høyrer med, og ikkje minst tid til å prate med kvarandre. Ofte er det nokon som les dikt eller små stykke. Også her brukar ein gjerne stoff frå bygda vår.

Samlingane startar ved at einkvan  har ord for dagen. Dei frammøtte kjem ofte med framlegg til program, og seier slett ikkje nei til å delta. Det er eit flott publikum.

Plakater rundt om i krinsen vår fortel kva tid det er treff.