Når han skal setje opp ei sak som nummer ein, løftar listetoppen til Arbeidarpartiet i Fitjar, tidlegare ordførar Agnar Aarskog, fram eldreomsorga.

– Men næringsutvikling, skule og frivillige organisasjonar er òg stikkord for saker som eg brenn sterkt for, legg Aarskog kjapt til. Lysten til å bli ordførar er ikkje tapt, så om valet gjev han mandat nok, kvir han seg ikkje for å ta fatt igjen.

Aarskog er elles med sine snart 20 år som folkevalt, ein av dei verkelege veteranane i Fitjar-politikken.