I samband med Den internasjonale eldredagen 1. oktober, vert det eldredag på Fitjar vgs onsdag 3. oktober. Det er mykje fint på programmet.

Eldredagen er etter kvart blitt ein fin tradisjon i Fitjar. Og det er mykje å gle seg til denne gongen. 

Prost Svein Arne Theodorsen har vore med før og fengde folket svært bra den gongen. Han stiller i år òg. Det same gjer ordførar Wenche Tislevoll. 

Vidare vert det diktlesing av Eli Simonsen og song og musikkinnslag ved Silje og Harald Rydland og Toradartuppene.

Treng du skyss kan du ringja: 948 05 386 eller 53 49 91 49.