Frå kontoret til Fitjarposten kunne ein kl 09.00 i dag sjå denne røyksøyla stige opp frå øyane.

Fitjar brannvesen sjekka saka, og fann ut at det var nord på Ivarsøy røyken stamma i frå. Den som hadde sett fyr fekk beskjed om å sløkkja med ein gong, og det gjekk bra denne gongen – utan at brannvesenet trong å rykkje ut.

Brannsjef Tore Nesbø er krystallklar på at det ikkje er lov å gjere opp eld i skog og mark no, og han oppmodar sterkt til at ingen må prøve seg på det, sjølv om dei meiner å ha full kontroll.