Ole Paus, omkransa av flott kyrkjekunst, nådde både ut og inn til publikum i Fitjar kyrkje med sin truverdige og folkelege visestil.

Dette er ei vakker kyrkje og her er eg heime, sa Paus innleiingsvis. Med kunstustilling med store flotte ikoninspirerte bilete av den kasakhstanske kunstnaren Nelly Bube samt enkel lyssetting var kyrkja ekstra fin denne fredagskvelden. Vel 140 stykke hadde kjøpt billett for å få med seg konserten med ein av Noregs mest kjende visesongarar som har gjeve ut ca 30 plater og som nyleg fekk Leif Justers ærespris for sitt revyarbeid.

– Men vakrast av alt er den usynlege utsmykkinga; dei svartaste sorger og dei største gledene som har vore her. Når vanskar oppstår søkjer folk til musikken og til kyrkja, og det er bra, sa Paus, før han opna konserten med å syngja «Mitt lille land…der stillhet og drømmer bor.»

Med si karakteristiske «rustne» stemme og si stillferdige framtoning framførde han vidare viser og salmar med overbevising. Med eit heilt «orkester» i kassagitaren han hadde rundt halsen trongs det ikkje fleire musikarar på podiet. Dei frammøtte fekk oppleva både salmesongaren, humoristen og gitaristen Paus, men kanskje aller mest ein ekte og djup viseskribent og -songar som kjende seg heime i kyrkja og som hadde noko på hjarta.

Etter tre ekstranummer takka Eli Simonsen i arrangementskomiteen visesongaren med ei passande Håkonarsåpe for milde og modige menn. Det same fekk og lydmann Ivar Hovland.

Konserten vart avslutta med julesongen Stjernebarn, tileigna flyktningar og asylsøkjarar, og med eit ynskje om at me som er så fryktelig rike og fryktelig lykkelege, og må vera frykteleg snille.  Akkompagnert av roleg kassegitarspeling og omkransa av Nelly Bube sine skapingsbilete og julebilete vart det ei spesiell og talande stemning.

«Det var en gang da engler sang om et nyfødt barn som ligner på deg…»