Meteorologane varsla ny stormflod i dag, her frå Fitjar kl.14. Foto: Håkon Carl Hartvedt

Ekstremveret «Didrik» herja i natt, og i dag steig havet igjen.

Stavanger og Mandal var dei som fekk kjenna styrken til «Didrik» best i natt, og i dag vart det varsla ny stormflod.

Fitjarposten har ikkje fått rapportar om at «Didrik» hadde stor innverknad i kommunen i natt, men Håkon Hartvedt var ute å knipsa nokre bilete av floda.

– Ikkje ekstremt, men likevel temmeleg høg flod, skriv Hartvedt om bileta han knipsa på Sjøsio kl.14.

Ved Dahlebuo stod vatnet heilt oppunder kledninga, og no får me kryssa fingrane for litt finare ver framover.

Vatnet rakk til kledninga på Dahlebuo. Foto: Håkon Carl Hartvedt
Utanfor «videoen». Foto: Håkon Carl Hartvedt
Foto: Håkon Carl Hartvedt