Ole Paus måtte til med ekstranummer før publikum ville gje slepp på han etter konserten i Kultursalen i FKIB i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det skjøner me godt. Paus gav til beste ein nær og variert konsert som både syner det store mangfaldet han speler på – og hans glitrande gitarspel som gjer at han klarer seg svært godt utan band.

Han starta med «Mitt lille land«» og avslutta med «O, bli hos meg» – begge framført på Ole Paus sin særeigne måte. Om Paus ikkje har verdas største og vakraste stemme, har han ein karakter og nerve i framføringane sine som gjer at dei blir nære, ekte og sterke.

Mangfaldet synte seg ikkje minst  i repertoaret.
I kveld fekk me oppleve alt frå viser om livet og politikk til songar om livet og kristen tru. Frå bitande  satire og mindre «farlege spark» – til humor, sjølvironi og tekstar til ettertanke.

Ole Paus har jobba 12 år med revy, og smakebitane han gav oss frå den tida fekk verkeleg latteren opp i salen, og vår lokale  revykonge, Ole Bergesen, var kjempeimponert over tekstane. 

Alt i alt ei fin oppleving som langt fleire enn 130 burde fått del i, seier me.

Det er elles andre gongen på relativt kort tid at Ole Paus er på Fitjar, og han gav etter konserten uttrykk for at han har hatt gode opplevingar her, begge gongene. I kveld var han spesielt nøgd med lyden – og den rosen bringer me med glede vidare til Ivar Hovland.

Nært og tankevekkjande. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Heilt åleine med gitaren. Men det heldt i massevis. Foto: Håkon C. Hartvedt