Torsdag 6. september vil Bygdekinoen i samarbeid med gode krefter i Fitjar invitere til vising av filmen ”Folk ved Fjorden”.

– Etter filmen vert det kaffi og vaflar og ein god drøs i Foajeen rundt opplevinga. Det er verdt å merke seg at prisen på kr. 80,- inkluderer kaffi og vaflar. Fitjar Frivilligsentral syter for servering, opplyser Ole Bergesen til fitjarposten.no.