Eit lite knippe fitjarbuar fekk laurdag føremiddag møte Anna R. Folkestad, stordabuen som har gitt ut biletboka Henrik And.

Det vart ei koseleg stund på biblioteket for dei som hadde møtt opp for å få med seg opplesing av Henrik And. Han er ei and som ynskjer å vere noko anna enn det han er. Kanskje ein katt? Den kan jo sjå så godt om natta, og så er han så flink til å balansere… Men kattar et mus og rotter. Æsj! Det vil ikkje Henrik And. 

Han leitar etter seg sjølv, Henrik And, og kven gjer ikkje det. Det endar oftast med at me finn ut at det er best å vere seg sjølv. Slik også for Henrik And.

Etter opplesinga fekk me sjå illustratøren Anna i sving. Ho laga Henrik And som sau, edderkopp og leopard på ståande fot. Ungane fekk sjølv prøve å laga Henrik And som noko anna enn seg sjølv. Det var mange flinke ungar i aktivitet med klipping, liming og teikning.