På temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag 18. mars får vi besøk av Eyvind Skeie. 

Skeie er utdanna teolog fra Menighetsfakultetet og blei ordinert i 1974.

Han har skrive flere barneprogram for NRK,  mellom anna  Portveien og Sesam stasjon, fagbøker, diktbøker og forteljingar for barn og vaksne.

Eyvind Skeie utgav hausten 2007 “316 salmer og sanger”, ei salmebok der alle tekstar er signert av han sjølv.  Dette er ei unik hending  i norsk salmehistorie. Til en del av tekstane har Skeie også laga melodiar, elles er mange komponister involvert. “316 salmer og sanger” er både ein dokumentasjon, ei kjeldesamling og bruksbok. Hans mest kjente song er “En stjerne skinner i natt”.

Saman med Sigvald Tveit har Skeie skrive kantaten «Visst skal våren komme», som også inneheld mange kjente songer. Songen «Tenn lys» (musikk av Sigvald Tveit) har vandra frå TV-serien Portveien 2 og rett inn i den norske salmeboka.

Eyvind Skeie har gjennom den store produksjonen sin samarbeidd med mange komponistar, biletkunstnarar og illustratørar – mellom anna komponistane Sigvald Tveit, Egil Hovland og mange fleire.

På Fitjar vil Eyvind Skeie fortelja om livet sitt, og han vil synga salmar frå si eiga salmebok.  Det vert også allsong, og det vil bli høve til å kjøpa salmeboka hans.

(Kjelde : Wikipedia)