Elevane har laga ein fantasifugl, og fuglehus som passar til. Foto: Ingrid Hovstad

Elevutstilling på Galleri Losjen.

Galleri Losjen var fullt av både menneskjer og kunstprosjekt når elevane som går første året på Design og handverk ved Fitjar vidaregåande hadde vernissasje i dag. Utstillinga «190 dagar på ei utstilling» synte til skuleåret deira(190 dagar) på Fitjar vgs.

Dei 14 elevane har hatt mange ulike prosjekt, og synte fram 15 ulike prosjekt i 2D og 3D.

Åse Markhus, tala på vegne av seg sjølv og dei 3 andre lærarane til elevane.

– Sjå alle desse flotte kreasjonane, uttala ho til eit nikkande publikum av foreldre, besteforeldre og søsken.

Markhus fortalde om korleis elevane har lært mange ulike teknikkar, og har jobba med forskjellige materiell gjennom heile året.

Åse Markhus i grønt, og Bente Bjelland. Foto: Ingrid Hovstad

– Me er opptatt av at dei får teste mange ulike handverk. Det viktigaste elevane gjer hos oss er å bruka fantasien. Ved å gje dei ulike aktivitetar gjennom året får dei visa kreativiteten deira, kreative er dei! Her ser det korleis 14 personar har tolka same oppgåveteksten, det viser godt att at det er mange ulike løysningar.

Elevane hadde pynta stolar, laga hattar, designa miniatyrversjonen av draumerommet, leika med glaskunst, laga kreative fuglekassar og mykje meir.

- Annonse -

Rektor ved Fitjar vidaregåande Leif Tore Engelsen hadde ogso tatt turen til utstillinga. Han ville gratulera elevane med utstillinga, og rosa dei flinke lærarane deira.

– Denne klassen er den rolegaste på heile skulen. Dei jobbar heile tida med noko. Ja, dei likar eigentleg ikkje å bli forstyrra, fortalde Engelsen, til smålått frå elevane og publikum.

Kultursjef i Fitjar kommune, Bente Bjelland var ogso på utstillinga.

Kva med ein «Alice i eventyrland» stol? Foto: Ingrid Hovstad

– Eg hadde eigentlig ikkje tenkt å seia noko, men eg må berre rosa arbeidet dykkar, uttala Bjelland, som ogso gratulerte elevane med vernissasje frå ordførar Wenche Tislevoll.

– Eg håpar mange av dykk vert kunstnarar. So når de er ferdig utdanna og klare til å stilla ut verka dykkar er det berre å ta kontakt med meg, sa Bjelland.

Utstillinga er open for alle på skuledagar fram til 18.juni. Det er absolutt verdt turen!