Det seier i allefall elevane då me er på besøk medan dei har juleverkstad.

Elevane på Øvrebygda skule gav eit samstemt ja på spørsmål om dei hadde det kjekt i går då dagen var sett av til ymse aktivitetar som høyrer adventstida til, og i dag er det siste økt. Rektor Sigbjørn Aarland gjev uttrykk for at det er både viktig og kjekt å vere saman med elevane i praktiske oppgåver.
Borna er delt i aldersblanda grupper og får vere med på  ulike aktivitetar. Baking er alltid populært og den gode kakemann-lukta gjev lyst til å smake på kakene så fort som råd (kanskje ein liten smaksprøve av deigen og ?). Nytt i år er å lage krans til å henge på døra. Flittige barnehender festar greiner av sypress eller tuja rundt ein høveleg ring og pyntar så fint med raud sløyfe. I eit anna klasserom sit elevane rundt eit stort bord og klypper og limar og skriv. Nokon i familien kan gle seg til ei flott julehelsing.
I sløydsalen vert det saga og banka, noko som til og med førsteklassingane ser ut til å meistre. Ein nyttig ting til gongen heime er under arbeid. Kanskje me ikkje skal røpe kva det er; kanskje ei gåve til mor eller far ?

I førjulstider er det nokon som tenkjer på småfuglane og. Utskorne dompapar blir måla i høvelege fargar. Arbeidet tek si tid,  penselen må vaskast ved fargeskifte og begge sider skal målast. Me høyrer noko om at skal fuglen lakkast og til slutt får kvar elev ein meisbolle til å henge i holet i midten. Også dette er ein nyttig ting, og dessutan så vakker.

På alle stasjonane er det hjelp å få av  lærar, assistent eller ein forelder dersom noko fell vanskeleg, eller for dei som treng ei oppmuntring for å bli ferdig i rett tid.
Utanfor døra til gymsalen høyrest lyden av glade born i leik og song. Det passar bra med eit rom der ein kan slappe av og får bevega seg litt. Ja, det er også høve til å sitje roleg ned og lytte til ei forteljing.

I det Fitjarposten sin utsende seier takk for seg får ein eit forsterka inntrykk av at både born og vaksne har det kjekt i lag på juleverkstad.