Ordførar Wenche Tislevoll og rådmann Atle Tornes var i dag i Bergen, der dei hadde samtale med partane i saka om dokka i Årskog. 

Etter møtet i Bergen kunne ordføraren fortelje om eit positivt møte, og kan hende er me eit steg nærmare løysing i denne saka, seier ho. 

Dokka sokk i juli 2010. Sidan har det vore usemje om kven som skal betale rekninga for å få ho vekk. Dokka har òg vore til hinder for den opprinnelege tanken om å frakta vindmøllene inn ved kaien i Årskog.

Kan hende kan vindmøllene i fase to følgje denne opprinnelege planen.

– Dagens møte i Bergen har i alle fall styrkt meg i vona om at det kan vere mogleg, seier ein optimistisk fitjarordførar til slutt.