Styret i Fitjar Seniorsenter har konstituert seg etter at Fitjar kommunestyre 19. juni vedtok at Seniorsenteret skal plasserast over biblioteket i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg og løyvde 1.145 000 til prosjektet.

På det konstituerande møtet orienterte Askel Ytrenes, som har vore sentral i arbeidet med denne saka, om arbeidet som har vore gjort så langt. Det vart vidare bestemt at alle varamenn skal kallast inn til styremøta. Føretaket vert registrert i Brønnøysundregistrene.

I styret sit:

Formann Askel Ytrenes (valt for 2 år)
Nestformann Ingebjørg Seim (1 år)
Økonomi: Grethe Færøy (2 år)
Sekretær: Rasmus Fitjar (2 år) 
Koordinator: Karin Korsvik (1 år)

Varafolk: Gerd Skålevik, Ellen Rydland og Inger Marie Gilje.