Det er naturleg å kome med ein presentasjon av desse i tillegg til fleire sortar handverk som er utstilt.

Ved eit av borda i foajeen står Liv Karin Karlsen og sel plommemarmelade og pæremos. Dei som er interesserte får vite oppskrifta. Like ved er det høve til å kjøpe rognebærgele og knekkebrød som Solveig Thomassen har laga. Alma Kjærland viser fram dei kjende englane. Ho trur det store salet startar når julemessene er i gang. Av nye ting har ho med seg veggpynt i haustfargar og ei svane. God lukt av bakverk fører oss fram til Ellen Vestbøstad og Sylvi Nysæther med sine nysteikte lefser og nordlandskaker. Gardsmat frå Hogste er nemnd i ein tidlegare artikkel.

Liene Tolka, busett i Dåfjorden, sel blant anna soyalys. Svein Olav Raunholm byr fram smaksprøve på sau- og hjortepølse i tillegg til sal av saueskinn. Irene Torvund har stilt ut tova tøfler, vesker og hattar.

Inne i Kultursalen står fleire langbord der folk kan nyte ein smakebit av ulike produkt. Svelelukta frå Bygdekvinnelaget fristar mange til å kjøpe seg kaffi. BK-damene sel også rømmegraut med spekekjøtt, saft og syltetøy. Ved bordet til Slow Food Sunnhordland står Hilde Killingrød og lagar smør på ein enkel måte. Fløte i eit glas blir rista først til krem og seinare blir det smør for den som er tolmodig. Dette er meint som ein aktivitet for borna. I eit anna rom er nokre jenter i gong med å lære ein ny måte å lage snor til smykke ved hjelp av fire slyngestokkar. Medlemmer frå Husflidslaget instruerer.

Anne Marie Larsen representerer Fitjar Fjordhotell. Ho sel tapas og byr fram smaksprøver av karamellpudding. Solveig Liarbø har helgearbeid på Café Annemor og sel deira produkt knekkebrød og kjøtkaker. Engesund Visningssenter har eit stort utval av smaksprøver, og sel også kokt laks og laksekarbonader. Tidlegare har me nemnd hjorteslakt og kjøt av sau og rein. Ronny Korneliussen fortel at hjortepølsa med villsau vert fort utseld. Oppskrifta kjem frå Magnhild Dyrdal, som mange kjenner frå program i TV.

Unge aktørar står ute og sel nykokte krabber. Lukta av bålvarme er i nærleiken, der Lars Ove Rimmereid har laga ein skikkeleg skogskaffi. Elevar ved Fitjar vgs. styrer loddsal til inntekt for skulen sitt Ukrainaprosjekt.

Poteter frå Fitjar høyrer med til ein marknadsdag. Kjende kokkar, Gunnar Nagell Dahl og Ola Andersen har sikra seg sorten til eit eksklusivt måltid som er under førebuing på Fitjar vgs. Alle råvarer kjem frå Fitjar-bygda. Dette kan ein lese meir om ved eit anna høve.

Eit trykk nederst i høgre hjørne gjer bileta større.