Rundt 250 frammøtte i Fitjar bedehus fekk oppleve eit fantastisk scenario av smittande livsglede då barnekoret Watoto gjesta Fitjar bedehus i kveld.

Ei heilt storarta og uforgløymeleg oppleving.

Her kjem eit kor med foreldrelause born, born som alle har svært tragiske historier å fortelje, og ruskar inderleg godt i oss som har alt, men så altfor ofte gløymer å glede oss over det. Og ikkje minst takke Han som har gjeve oss alt.

Dei utruleg, sjarmerande barna synte ikkje berre framifrå song og dans. Dei viste at dei i høgste grad óg kunne føra ordet. På engelsk til og med. Og under, over og bakenfor alt var dei samstemte om å løfte takken til Jesus som hadde gjeve dei nytt håp.

11 år gamle Martin fortalde til òg med at han ville bli pastor.

– Sjølv då faren min døydde var Jesus der, og eg veit at Han elskar meg og at eg aldri vil vere åleine, sa han. På same vis var òg dei andre barna som hadde ordet tydeleg på kven dei ville  rette takken til.

– Jesus har forandret historia mi. Eg er ikkje lenger berre ein statistikk fra Afrika, sa eit anna barn på ein film som vart vist om Watato sitt arbeid.

Watoto handlar såleis om meir enn mat og hus, sjølv om det er grunnleggjande viktig. Organisasjonen ønskjer å skape ein heilt ny afrikansk generasjon med leiarar som gjennom tru og håp, kunnskap, integritet og kristne verdiar kan delta som konstruktive samfunnsborgarer i hjemlandet sitt. Noko óg barna som vitja Fitjar var svært bevisste på. Me fekk til å med høyre kva for yrke fleire av dei hadde som mål å utdanna seg til.

Alt i alt var dette ein konsert som gjekk rett til hjartet. Både bodskapen, songen og dansen sette varige spor. I alle fall hos oss.

Folk me snakka med var òg storbegeistra, og mange nytta høvet til å kjøpe afrikanske artiklar eller teikna seg som Watoto-fadder, etter konserten.