I boka Sunnhordland 31.05.2013 har fire forfattarar frå Sunnhordland laga ein hyllest til regionen vår.

Søndag kveld var tre av dei på Fitjar folkebibliotek og presenterte det originale bokprosjektet sitt. Ideen kom frå Otto Ersland, som fekk med seg Ingvild Sjo, Jane Jünger og Lars Mæland. Dei delte dei åtte Sunnhordlands-kommunane mellom seg, to kommunar på kvar, og gav den einskilde kommune tre hovudoppslag.

Lars Mæland fortel at han var blitt endå meir glad i Sunnhordland etter at han var ferdig med denne boka, som han kallar ein hyllest til regionen vår. Det er han som har skrive om Fitjar kommune. Sjølv om me har både industri, jordbruk og eit rikt kulturliv, valde han ut vindmølleparken, ferjekaien i Sandvikvåg og hytteområdet i Kråko som hovudoppslaga frå kommunen vår.

Sunnhordland er ein region under press, fortel Mæland. Krefter i Tysnes og Austevoll orienterer seg meir mot Bergen. Dei vil kanskje ut av Sunnhordland om kommunekartet blir teikna på nytt, slik teikn i tida kan tyda på. Mæland vonar derfor han har vore med på å styrkja regionen vår gjennom denne hyllesten til Sunnhordland.

Initiativtakaren til prosjektet, Otto Ersland, meiner denne boka vil vera fantastisk om få år. Og om 100 år vil ho vera heilt uvurderleg! Dette er ei bok for framtida, meiner han. Han samanliknar boka med eit glas syltetøy; dei fire forfattarane har teke vare på eit døger til dei som kjem etter oss, konservert det som eit glas syltetøy.

Ingvild Sjo har skrive om kommunane Etne og Kvinnherad. Ho fortalte at ho likte denne måten å jobba på. Ho kunne velja sjølv kva ho ville skriva om, og syntest det var kjekt å koma inn der ho ville. Ho starta opp døgeret på Søral på Husnes klokka 00.00 om natta og var blant anna på bakeriet i Skånevik i 4-5-tida om morgonen. Ho vona å ha fått med seg det typisk sunnhordlandske, at boka seier noko om oss frå denne regionen.

Dei tre forfattarane, som møtte eit altfor lite publikum på Fitjar i går kveld, seier at dei gjerne gjer dette igjen. Dei meiner å ha framstilt Sunnhordland som ein attraktiv region, noko me kan vera samde i. Ikkje minst dei mange bileta er med på å få fram kor variert natur me har i Sunnhordland, og kor mykje forskjellig folk i Sunnhordland har å ta seg til, både i arbeid og fritid. Dette er ei bok som er ulik det meste me har sett før, og det er å vona at ho blir å finna under mange juletre i år.

Hyggestunda på biblioteket blei avslutta med blomar frå kultursjefen i Fitjar, Bente Bjelland, som ønskjer seg felire slike bøker.