Det er mogleg å ha ein god livskvalitet sjølv om ein har demens-sjukdom.

Demens er ein alvorleg sjukdom både for dei som blir ramma og for familie og pårørande, men mykje kan gjerast for å aktivisera dei demente, slik at dei får eit meir meiningsfullt tilvære.

Dette la leiar i Stord/Fitjar demensforening, Kjell Nesbø, stor vekt på då han innleia eit møte om ”Prosjekt aktivitetshage” på Fitjar Bu- og behandlingssenter  måndag. Han er nyvald leiar i Hordaland fylkesavd. av Nasjonal demensforening, og er og leiar for dette prosjektet, som har fått tildelt kr. 150 000 frå Norsk Rehab, som er overskotsmidlar frå Ekstra-spelet. I tillegg er det samla inn ca. kr. 100 000 med basarar på FBBS, gåver frå Fitjar kraftlag og andre private bidrag.

Det er vald ei prosjektgruppe med deltakarar frå dei tilsette ved FBBS, og desse var med på møtet, saman med nokre få pårørande.

Tanken bak det nye prosjektet er å laga ein aktivitetshage , der dei demente kan møta og oppleva aktivitetar som er tilpassa deira behov, og som dei kan kjenna seg att i. Det skal vera eit areal for oppleving,sansing og erindringar, og det skal vera plass for vandring i eit verna område.

Eitt av måla for  området er å gje det ei universell utforming, slik at ingen vert utestengd.Difor er det viktig å kjenna demens-sjukdomen når ein tilrettelegg ein slik hage.

Elles er målet å auka livskvaliteten generelt ved å stimulera sansar og minne til ulike årstider, men det skal og gje brukarane fysisk aktivitet.

Både innhald og aktivitetar i hagen bør vera slik at det kan gjenskapa kjente miljø for brukarane, slik at dei kan kjenna seg att. Difor er det planar om reiskapsbod,drivhus,mjelkerampe,vedbod,slipestein,steingard og ei gammal vasspumpe.

Det skal vera bær- og frukthage og sjølvsagt ulike blomebed, og rundt og innimellom det heile skal det vera ein tursti, som m.a. skal gå eit stykke langs Fitjar-elva, med benker.

Sitjeplassar blir det og andre stader i hagen, og ein stor paviljong med plass til og tilgang for rullestolar. He blir det og utepeis og plass og høve til å ha utekonsertar.

Alt dette vil vera slik utforma at brukarane skal kunna ferdast der utan at personalet treng følgja dei  heile tida, og dette set sjølvsagt krav til planlegging og bruk.

Med slike store… og gode… ambisjonar, ser ein at midlane ein har til rådvelde ikkje strekk til heile arbeidet. Men her er det ein vil satsa på dugnadstradisjonen i Fitjar!

Personalet ved FBBS har allereie gjort ein fin innsats ved å prøva å halda utearealet på framsida av husa nokolunde i hevd, men dette har vore arbeid som har kome på toppen av alt det dei elles må gjera for bebuarane. Mange har påpeika vedlikehaldet av  beda på framsida av huset, men eigentleg er dette Helse Fonna sitt ansvar, og prosjektgruppa vil minna dei om dette.

Prosjektgruppa vil gjennom Fitjarposten oppmoda folk til dugnadsinnsats for ”Prosjekt Aktivitetshage”. Medlemane i demensforeninga vil sjølvsagt stilla opp, men reknar og med at pårørande  og frivillige vil vera med på dette viktige arbeidet, slik at hagen kan stå ferdig innan utgangen av 2010. Det vil sjølvsagt bli bruk både for fagarbeidarar og maskinar, og det må kjøpast inn planter,buskar og tre. Difor er det godt å ha ein del midlar til slike utgifter, men prosjektet er elles heilt avhengig av dugnadsinnsats skal det kunna realiserast.

Fitjarposten vil følgja opp arbeidet, og leggja ut informasjon om dugnadsoppgåver etter kvart. Folk vil då få vita kva tid og kva dei kan vera med på etter kvart som arbeidet går framover. Det er viktig å leggja til at folk har med seg reiskapar/utstyr til arbeidet som skal gjerast.

Vil du melda deg til teneste allereie no, kan du ringja:

Kjell Nesbø, tlf. 975 52 027, eller

Hilde Karin Tufteland, tlf. 913 74 585