Mange føler ei sterk emosjonell einsemd sjølv om dei er saman med andre menneske.

Dette skriv student Elisabeth Engebretsen i ein kronikk i Aftenposten i dag.

Så mange som 4 av 10 studentar seier dei er einsame. Engebretsen har sjølv fått kjenne på korleis det er å vere einsam, då ho som student flytta til ein heilt ny stad.

Temaet einsemd er særleg aktuelt sidan det snart er studiestart for studentar i Noreg.

Å vere einsam har på mange måtar blitt eit tabu, og difor ynskjer Engebretsen meir openheit. Les den sterke kronikken hennar her.