I det siste har det blitt funne fleire kasserte sprøyter i Sæterbøvegen, sprøyter som truleg stammar frå narkotikamisbruk.

På Rydland, eit par hundre meter frå Fv. 545 innover Sæterbøvegen, har turgåarar dei siste to vekene funne fleire kasserte sprøyter. Fleire ting tyder på at desse sprøytene kan knytast til narkotikamisbruk.

Fitjar-lensmann Svein Lunde er ikkje direkte overraska over funna. Men han seier det er sjeldan slike sprøyter blir kasserte ute på denne måten. Han seier at foreldre bør forklara for ungane sine kva dette er, og at det kan vera farleg å komma borti.

Elles er det lite å gjera med slike funn, seier lensmannen, bortsett frå å kassera sprøytene på ein forsvarleg måte. Men han ber publikum melda frå om observasjonar som dei meiner kan vera av interesse for politiet.