Arkivfoto: Fitjarposten/Kjetil Rydland.

Haugaland Kraft lanserer som einaste aktør i Noreg eit virtuelt batteri for solenergikundar.

– Det betyr at kundar med solcellepanel på taket kan lagra solenergi utan å invester i eit fysisk batteri, skriv Haugaland Kraft i ei pressemelding.

Det virtuelle batteriet frå Haugaland Kraft har fått namnet Skybatteri. Til nå har dei som produserer sin eigen straum frå solenergi, kunne selja overskotsproduksjonen tilbake til straumnettet.

– Med den nye tenesta Skybatteri kan kunden styra ein større del av sin eigen produksjon. Straumen  vert lagra i “skya” når du produserer mykje og vert henta ut når straumprisen elles er høg, typisk om vinteren.

Denne tenesta kan nyttast av alle i Norge som har solcelleanlegg.

– Det er med stor glede me no kan tilby denne tenesta som den einaste aktøren i Noreg. Dei siste åra har me jobba mykje med teknologien rundt solenergi. Kostnadane for fysiske batteri er fortsatt høge, særleg for privatkundar, men eit virtuelt batteri som dette er eit utmerka alternativ, seier direktør for Haugaland Kraft Energi, John Harald Jakobsen.

– Verda treng meir ren energi. Haugaland Kraft jobbar kontinuerlig med utvikling av klimavennlige og innovative løysningar innan energitenester og har så langt erfart at solcelleanlegg produserer over forventning i vår region. Dette bekreftar at vår region er gunstig for solenergi, seier konsernsjef Olav Linga.

- Annonse -