Det var mange som møtte fram då foreningen HÅP inviterte til basar.

Gevinstar i hopetal hang på snorer og låg på borda og venta på nye eigarar då Annbjørg Raunholm ønskte velkommen. Håkon Hartvedt song og spela og heldt andakt før sjølve basaren tok til.

Åresal og trekking er spennande for små og store. Ofte kunne ein høyra ei lita jente som spurde bestefar: Er det mitt nummer ? Etter tre åresal og trekking på hovedbøkene var det tomt for gevinstar, og mange hadde ein haug med seg heim.

I pausa fekk folk god anledning til å prate med kvarandre medan dei kosa seg med kaffe, smørbrød og kaker eller risgraut. Inntekta av matsalet går til ein barneheim i ein fjell-landsby i Bolivia. Eit ekstra lite lotteri som høvde best for borna skulle og gi pengar til barneheimen. Det er også slik at offer på kvar foreningskveld går til same føremål.

Dei fem damene som er med i foreningen HÅP på Stranda viste stort engasjement då dei arrangerte basar. Dette er fast tradisjon ein laurdag i advent, for sjuande gong i år. Det heile starta med å støtte Barmhjertighetsbussen som sørgjer for at pengane går uavkorta til ulike prosjekt i Ukraina. No vert pengane brukt til innreiing av ein gamleheim. Willy Ersland (frå Barmhjertighetsbussen) fortalde litt om tilhøva i Ukraina. Sissel Jørgensen frå Fitjar Vidaregåande skule fortalde om sterke opplevingar og stort innsatsvilje hos elevar og lærarar som har vore på besøk på ein barneheim i Bobrinetz. For fire – fem år sidan begynte skulen med eit prosjekt der det vert arbeidd med opprustning av barneheimen med elendige butilhøve. Blant anna gjekk overskot frå Fitjar-russen sin revy rett til barneheimen. Skulen har inngått samarbeid med Barmhjertighetsbussen og Willy Ersland. Sissel og Willy sin iver for å hjelpe born som verkeleg lever i elendige kår gav nok basarfolket eit ekstra puff til å gripe djupt i pengetaska.

Jorunn Helgaland fortel til Fitjarposten.no at det kom inn ca 48.000 kr, og ho nyttar høvet til å takka alle som deltok både med gevinstar og loddkjøp.