To av mange millionar tistelsommarfuglar. Foto: Kjetil Rydland.

Store svermar av sommarfuglar har invadert Fitjar og store delar av Skandinavia; dette er tistelsommarfuglar frå Nord-Afrika og Midt-Austen.

Du har sikkert lagt merke til dei store, fine sommarfuglane som fyk rundt i store «skyer» her i Fitjar i sommar.

Det er heilt uvanleg å sjå sjå så store mengder av desse subtropiske sommarfuglane her hos oss. Ifølgje insektekspertarar er det i år kome minst hundre millionar av dei til Skandinavia, mot nokre titusen til vanleg.

Forskarane er ueinige om dette skuldast klimaendringar, men det har aldri vore så mange tistelsommarfuglar her, slår den svenske insektsforskaren Dave Karlsson fast i artikkelen Tropiska Fjärilar invaderar Sverige på SVT.

Tistelsommarfuglen startar den lange reisa si frå Midt-Austen eller Nord-Afrika i andre generasjon, og først i tredje generasjon når han Skandinavia. Han legg egga sine på tistlar, der larvane blir klekte ut og et tistlane.

Dette tar to månader, og me vil få eit nytt kull til hausten. Dei har få naturlege fiendar, og klarer seg godt her hos oss, men til vinteren døyr dei ut.

Desse sommarfuglane utgjer ikkje noko problem, meiner den svenske forskaren Dave Karlsson, men neste gong kan det til dømes vera coloradobille som et opp potetene våre. Forskaren slår fast at:

– Det det finst mange andre arter som me ikkje vil ha hit!

- Annonse -

 

Ein av mange fargerike sommarfuglar på Eggjane i Ovbygdo. Foto: Kjetil Rydland.