Det er ei stor glede å ønskje hjarteleg velkommen til første operagalla i kulturhuset, sa Ole Bergesen, og nemnde spesielt opersongarane Hulda Bjørk (sopran) og Runar Thor Gudmundsson (tenor) og pianist Irene Simonsen.

Dei opna med italienske Amigos para siempre som betyr vener for livet. Repertoaret deira femna om fleire ariar frå Opera La Boheme, Turandot, Tosca og Giuditta. Musikalen Somewhere er frå West Side Story. Songen deira veksla mellom engelsk, tysk, italiensk, svensk og islandsk. Hulda Bjørk song solo i norske Jeg elsker deg av H.C. Andersen og E. Grieg. Etter pausa framførde dei blant anna O helga natt og White Christmas, og skapte dermed julestemning. Applausen ville ingen ende ta då siste nummer var sunge, O sole mio. Det resulterte i at publikum fekk nyte meir av den fantastiske songen deira i ein islandsk operette. Alle framføringane vart akkompagnerte av dyktige Irene Simonsen på flygel. Å lytte til songen og musikken denne kvelden var ei spesiell oppleving, vakkert og stemningsfullt. Irene Simonsen og Runar Thor Gudmundsson har tidlegare gledd oss med sin opptreden mange gonger. Saman med islandske Hulda Bjørk er dei artistar med høg utdanning innan song og musikk. Sistnemnde fekk den islandske musikk-prisen dette året som beste kvinnelege artist.

Ole Bergesen kjende nok også ei stor glede  då han takka utøvarane og overrekte dei kvar sin blomsterbukett.

Publikum (om lag 200 personar) kosa seg frå først til sist. For mange starta det med noko å drikke og ein god drøs i foajeen, og slik kunne ein halde fram i pausa også, med tilgang på nydelege kanapear.

 

 

esteroides online