Temakvelden i Fitjar kyrkje i kveld vart ei stilleferdig oppleving der foredrag, opplesing og visesong var ingrediensane.

Fitjar sin kjende bokdesignar Aud Gloppen fekk gjennom sine presentasjonar på storskjerm synt bygdefolket kvifor ho etter kvart har fått eit stort namn i designarkretsar. Flotte produkt – og interessant var det å høyre tankegangen bak einskilde design. 

Musikaren Tore Thomassen song balladar med  nære og gode tekstar. om kvardagsliv, naturen og Gud, og kona Barbro følgde opp med å fortelje om korleis ei bok vert til med eksempel frå eigne produksjonar. Ho las òg opp ei varm og nær forteljing med pilegrims-tema.

Alt i alt ein stillferdig aftan der ein vart utfordra til ein smule refleksjon og ettertanke. Rundt 55 personar fekk med seg det heile.