Lisa Instefjord Gilje fortel om spennande haustprogram på visningssenteret. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Me likar so godt å ha besøk på flåten vår, at etter rekordsommaren i år fann me ut at me ville fortsetja å tilby opplevingar på visningssenteret og i øyane.

Lisa Instefjord Gilje, visningsansvarleg ved Engesund Fiskeoppdrett, viser til eit stort haustprogram og tilbyr alt frå hausttakkefest med fem retter gourmet middag, til topptur til Ramsberget på Fonno.

– Fredag 1.november inviterer me til hausttakkefest. Med denne festen ynskjer me å gje folk ei smaksoppleving av unike, lokale råvarer. Det er handverksmat, laga med kjærleik, fortel Lisa Instefjord Gilje.

Ho fortel vidare at det ikkje berre er mat som vert servert denne kvelden.

– Alle råvarene har sine unike historier, som fortener ein skikkeleg presentasjon. Gjestane vil få historier og bilete om både råvarane og produsentar, innramma av musikalske innslag ved Johannes Aadland, fortel den engasjerte visningsleiaren.

– For 30 personar kan dette verta ei flott naturoppleving, med kortreist mat i sentrum.

Friskus i øyane

Alle opplegga kjem med omvisning i kjellaren. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

I tillegg til hausttakkefesten vil Engesund tilby hendingar for grupper i oktober og november, samt utpå nyåret.

– Me vil tilby topptur til Ramsberget på Fonno, etterfølgt av fiskesuppa på flåten. Alternativt kan ein velja ein litt enklare tur til Ljokloven og Tussakloven. Turen er gaida, og undervegs har me nokre stopp der de får høyre om livet på Fonno på godt og vondt, med noko skjemt og noko alvor, fortel Gilje.

- Annonse -

For dei meir kulturinteresserte kan ein bestilla seg ein kulturhistorisk båttur med små stopp og forteljingar undervegs utover til visningssenteret ikkje langt frå den gamle handelsstaden Engesund.

– Her vil de få høyra om livet som kystbonde, og få ein flott tur i Fitjarskjærgården.

Dei matinteresserte som går glipp av hausttakkefesten, eller som er klar for ein ny runde med kortreist mat, kan bestilla hendinga Lisa Instefjord Gilje kallar mateventyret frå kysten.

– I gamle dagar åt «fiffen» i Bergen berre poteta frå Fitjar. Men Sunnhordaland har meir enn god potet. Det vert servert ein tre-rettars middag med Engesund aure, spekemat frå utegangargris frå Fitjar gardsmat, og dessert med honning frå Fitjarbia.

Julebord med ny vri?

Lisa Instefjord Gilje kan smila over rekordbesøk i sommar. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Kvifor ikkje legga juleavslutninga til sjøs, spør visningsleiaren. Som eit siste punkt på haustprogrammet kan ho lokka med ein eksotisk julelunsj ute på flåten i desember.

– Med julepynta flåte vil me tilby eit annleis julebord, med høve for litt sunn nærmat i førjulstida. Me kan nemna julekrydra sashimi, varmrøyka aure med ein kryddersnert og vår eigen unike sylta laks, med meir. Som ved alle hendingar får ein omvising på visningssenteret. Ønskjer du ein meir tradisjonell julelunsj ordnar me det, avsluttar Lisa Instefjord Gilje

Julelunsjen vert tysdag, onsdag og torsdag i veke 50 og 51.