TV-pastor Egil Svartdahl vona folk ville få med seg ein smak av himmel etter temakvelden i Fitjar kyrkje i går. Slik vart det òg.

I alle fall var det heilt eintydig mellom dei ti-tolv personane me snakka med etterpå at det var nett slik det følte det. – Ein smak av himmel? – Ja, ja, ja, ja!

For midt i Svartdahl si utruleg nære, morosame og varme forteljing om korleis evige augneblikk har prega livet hans, låg Jesustrua som ein sterk raud tråd bakanfor og gjennom det heile, Og når ein til slutt slutta med «Namnet Jesus», møttest endane av trådene i glad lovsong over ei velsigna stund.

I innlegget sitt snakka Svartdahl like mykje med publikum som til.

Han starta med ein del utruleg artige skilt og reklamar, som fekk latteren og kontakten på plass frå første stund, utan at temaet tapte fokus. Videre fortalde han levande historier både frå sitt eige liv, og frå livssituasjonar til menneske han har møtt. Det heile både krydra og styrkt med vakker musikk – og talande bilete og filmkutt.

Etter pausen tok han for seg samtalen. Den gode samtalen, den vanskelege samtalen og den store samtalen.Klippa han her synte frå nokre av dei TV-programma han har lagt på TV2, var her svært talande, og forsamlinga fekk med seg heilt konkrete råd i tilknyting til slike samtalesituasjonar.

Til slutt oppfordra Egil Svartdahl den einskilde til, når ein er åleine med seg sjølv, å vere heilt open overfor Gud – for så å ta imot det Gud vil gi ein, midt inn i den situasjonen ein står i.

Musikarane Arild Stav (ymse typar saxofonar) og Svein Skulstad (gitar) laga som nemnt ei svært vakker musikalsk ramme om det heile, og Ivar Hovland skal ha ros for flott lydstyring. Rundt 200 var til stades på arrangementet.

Dette var siste temakvelden i vår. Det er berre å gle seg til hausten.