Travle ferjepassasjerar fer ut og inn av butikken på kaia i Sandvikvåg. Men borte i ein krok sit  ein gjeng og slappar heilt av medan dei et nista si ( som ser deilig ut !) og ser ut på bilane som fyller parkeringsplassen.

Sanneleg, det er jo Harald Johan Sandvik  ! På fanget har han yngste barnebarnet, og elles ser  me  svigersonen Bård Inge og to barnebarn til.