Mariann på plass i VM-løypene i Cable, USA. Foto: Anne R. Kroken (Norges Skiforbund)

 

Mariann Vestbøstad Marthinsen er no på plass i Cable, Wisconsin i USA, der ho skal delta i verdsmeisterskapen for funksjonshemma skiløparar. Og kanskje blir det siste sjanse for å kapra gullet ho manglar.

Søndag skal ho delta i 12 km, onsdag er det sprint og søndag er det 5 km, med opning for deltaking i stafett laurdag. Til Haugesunds Avis seier ho at gullsjansane er størst på sprint og 5 km. Særleg sprinten er det knytt spenning til, sidan ho er regjerande paralympisk meister på distansen. Mariann legg ikkje skjul på at ho er positiv på eigne vegne. Ho viser til at ho brukar same strategi i førebuingane no som under Paralympics, med å fokusera på restitusjon, og konstaterer at ho er i rute. Også løypene i seg sjølv gir grunn for optimisme.

– Eg har gått fort her før. Det er skikkelege jobbeløyper her, med få moglegheiter til å henta seg inn. Eg får tenkja at dei andre har det minst like ille, uttalar ho til Haugesunds Avis

Førre VM gav tre medaljar i sitjeski, to sølv og ein bronse, og VM i 2011 gav to bronsar, men no er det altså gullet som skal heim.