Fiskefestival med regn og vind passa ikkje så godt. Likevel møtte me små og store med ulike interesser og godt humør.
Fiskefestival med regn og vind passa ikkje så godt. Likevel møtte me små og store med ulike interesser og godt humør. Det er jo kjekt å treffast sjølv om det regner. Ikkje alle var komne for å fiske.

Ida og Johannes syntest det var kjekt å gå på handel med besten og besto.

Øve jamnt og trutt er tingen òg når det gjeld hesteskokasting.

Med friskt mot prøvde Arild å gå på stylter på kaien.Han hadde eigne stylter heime, men no var dei øydelagte.