Fitjarposten.no har hatt ein prat med ein person som ivrar for å få til ein ny treff-stad som opnar onsdag 20. januar.

På eit kontor i Havnahuset møter me Anita Kristensen Hystad som er utdanna sjukepleiar og nytilsett innan psykisk helsarbeid  i Fitjar kommune. Ho fortel om eit nytt lågterskel dagtilbod for personar med psykiske utfordringar. Dette kan også høve for personar som av ulike årsaker har problem i ein viss periode. Tilbodet er ope for alle, også for dei som ikkje har ein diagnose. Rusavhengige vil få eit eige tilbod seinare. Dette er under planlegging.

Den nye treffstaden finn ein i 2. etasje i Kultur – og Idrettsbygget. Der er det eit triveleg rom med salong og stort spisebord. I kjøkkenkroken går det an å lage mat. Brukararane kan få kjøpe mat for ein billig penge. Kanskje nokon og har lyst til å delta i matlaginga? På sikt tenkjer ein at opplegget skal bli brukarstyrt. Ulike aktivitetar vil bli styrt av kven som kjem til desse samlingane. God tid til prat og kos er viktig.

Planane for den nye treff-staden byggjer delvis på dei gode erfaringane ein har med Hamna Kontaktsenter på Stord. For nokre år sidan prøvde ein å få til eit liknande tilbod på Fitjar, men då var det for få brukarar som møtte opp.

Anita K. Hystad avsluttar slik: Me byrjar i det små for å kartlegge behovet og brukargruppa. Vegen vert til når ein går han, og den skal me gå i lag, seier ho, og ønskjer hjarteleg velkommen!

Opningstida er kvar onsdag kl 12.00 – 15.00, men målet er å utvida tilbodet ut i frå oppslutnad. Dersom nokon har lyst til å vite meir, kan ein ringe 958 02 405.