Martin Nysæter som er primus motor for arrangementet, fortel om positiv tilbakemelding på potetsuppa med varmrøykt aure.

Han er utdanna kokk og seier om seg sjølv. – Eg er ein matglad person. Me får vite at Martin har laga oppskrift både til denne suppa og den populære Fitjar-pølsa som kom på marknaden for to år sidan. Årets marknad hadde færre utstillarar enn i fjor og difor vart det bestemt å halde til i Larsenbygget, men det var eit rikt utval av god, heimelaga mat. Gangen mellom butikkane i første etasje var svært høveleg til salsboder, seier Martin, men det var ikkje plass til bord og stolar der folk kunne nyte mat og kaffi. Utanfor Café Annemor stod Fitjar Husflidslag på stand med demonstrasjon av gamle handarbeidsteknikkar og aktivitetar for born.
Utandørs var det sett opp to telt i nærleiken av Sildakongen. Mange nytta høvet til kjøp av egg og poteter. Fitjarpølse og potetsuppe var ettertrakta. Bygdekvinnelaget steikte lappar og utanfor stod ein ung gut og kokte krabber.
Martin Nysæter trur det kan bli haustmarknad eit anna år også, – men ein må sjå etter nye mogleghetar, seier han og legg til at hyttefolk og andre utanbygds såg ut til å kose seg i lag med mange fitjarbuarar som trassa regn og vind.

Ingressbilete: Primus motor for haustmarknaden Martin Nysæter saman med Terje Aleksandersen t.v. Foto Turid Sandvik