Øvrebygda skule sette fokus på eit tema som alltid er aktuelt

Alle elevane deltok i framføringa på festen i går kveld. Hovudrollene tok dei største elevane seg av, men alle var med og song. Nokre elevar var og scenearbeidarar. Musikalen gav eit klart bilete av korleis den flinke og trivelege eleven, Hilde, etter kvart vart plaga av medelevar. Hilde var også hjelpsam overfor elevar og vaksne, og det fall ikkje i god smak hos alle. Einskilde syntest og ho smiska for læraren. Hilde vart plaga både på skulen og i fritida. Ein dag fekk ho slag i andletet. Då Hilde ikkje ville gå på skulen lenger, skjøna både heimen og skulen at noko alvorleg hadde skjedd. Hilde sa klart ifrå: Eg orkar ikkje bli trakka på lenger! Heldigvis enda det godt. Mobbarane angra og bad om unnskyldning. Gjennom ti songar fekk elevane fram korleis det heile starta og utvikla seg. Dei var godt engasjerte alle saman, og stod på til siste slutt, sjølv om musikalen varde nesten ein time. Den dystre bakgrunnen på scenen passa til innhaldet i musikalen. Rektor Sigbjørn Aarland takka for ei flott framsyning, og minna om at skulen heile tida jobbar med tema mobbing.

Tema i musikalen rørte nok ved alle som sat i gymsalen i går kveld. Det var stappande fullt av elevar, lærarar, foreldre, sysken og besteforeldre. Stopp, ikkje mobb er ei påminning til oss alle!

På festen var det ei ekstra markering for dei ti elevane som no er ferdige med sju år i barneskulen, ein livleg og glad gjeng, sa rektor. Til hausten kjem det nye elevar og desse sju vart presenterte.

Musikalen er laga av lærarar ved haga skule på Sola.

Elevane i 7. klasse. Frå v. Andreas, Benjamin, Daniel, Malin, Ailin, Kristian, Steffen, Helene, Christina og Marie. FotoTurid Sandvik

IMG 9406 cr - Kopi

Dei som skal begynne på skulen til hausten. Frå v. Tuva, Vigdis, Sunniva, Emil, Erik, Mikal og Sindre. Foto Turid Sandvik