I dag set me fokus på besøksteneste.

Både  soknerådet si diakoni-nemnd og Frivilligsentralen gjer ein god innsats for å skaffe personar som har tid og lyst til å yte gratis tenester til andre. Ei av desse tenestene kan vere besøksven. Leiar i diakoninemnda, Inger Marie Gilje, fortel at det er ca. 22 personar som har fast avtale som besøksven. Opplegget for samver med ein brukar kan variere mykje. Nokon ønskjer kanskje ein tur-ven eller at einkvan kjem på besøk for å prate, lese aviser/bøker. Andre set pris på ein biltur, gjerne kombinert med litt innkjøp eller besøk på biblioteket.

Den som er besøksven opplever tenesta som meiningsfyllt og gledeleg. Ei dame sa det slik: «Eg blir glad og takknemleg når eg er saman med nokon som treng mi hjelp på ein eller annan måte». Ja då vert det dobbel glede, for ein ser jo at den som får besøk set pris på det.

Dersom du kjenner nokon som ønskjer besøk eller ein tur-ven, ta kontakt. Inger Marie Gilje seier at dei stundom strevar med å finne besøksvener, men nemnda vil alltid prøve å finne løysingar. Ein kan ta kontakt gjennom ein av prestane eller Inger Marie Gilje, dersom ein ønskjer tenesta gjennom soknerådet. Dersom du som les dette har lyst til å bli besøksven, er du velkommen.