Silver Wings

Sommar i Kråko arrangementa vil la ungdommane på øya ha ein kveld for seg sjølv, og gjer difor konserten med ungdomsbandet Silver Wings alkoholfri.

2. juli kjem det alternativ rock/indie rock/poprock bandet Silver Wings til Kråko. Bandet frå Stord med seks medlemar mellom 16 og 17 år har allereie 3 eigne låtar på Spotify, og satsar på å laga god stemning i teltet ved Port Steingard.

– Målet vårt med Sommar i Kråko arrangementa er at dei skal famna flest mogeleg, og denne konserten har potensial til å verta den store konsertopplevinga for ungdommane i Fitjar/Stord. Og som vi alle veit, er det svært lite attraktivt å ha med seg mor eller far på konsert, og dersom vi serverer alkohol, så må alle under 18 vere i følge med foresatte, fortel Jorunn Hernes.

Ho kan difor meddela at hendinga vert alkoholfri, slik at ungdommane kan ha ein kveld for seg sjølv.

– Me håpar dette kan gjera det mogleg for mange ungdommar å få med seg denne konsertopplevinga. Det vert sjølvsagt høve til å kjøpa varm mat og drikkevarer utan alkohol, seier Hernes.

Silver Wings har tidlegare spela på Ole Bull scene i Bergen på No Filter festivalen, og på lokale arrangement i Bømlo og Stord. Dei har mange eigne låtar, og i tillegg spelar dei cover-låtar i pop/rock sjangeren.