Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Me i Fitjarposten vil runda av 2020 med ein intervjuserie der me møter nokre av dei mange som har stått ekstra på i år.

2020 går mot slutten, og eg er nok ikkje den einaste som kryssar fingrane for at 2021 vert betrakteleg betre. Eit år der eg håpar på å skriva ord som pandemi, smittevern, smitteutbrot, isolasjon, koronatap og avlyst grunna korona, færre gongar.

For det har vore eit spesielt år for oss alle, men eg trur eg kan få lov til å påstå at det er nokre som har stått på litt ekstra. Dei som har jobba i frontlinja mot viruset, eller som har måtta tenkja heilt nytt for å få kvardagen til å gå rundt.

I midten av desember tok me oss ein prat med nokre av desse, og før året er omme til me publisera ei rekke intervju her på Fitjarposten. Her vil du blant anna få møta sjukepleiaren, læraren, reinhaldaren og bussjåføren. Første intervju kjem ut i morgon 24.desember. Her vil me møta ordførar Harald Rydland, og høyra korleis 2020 har vore for han.

Me i Fitjarposten har prøvd vårt beste på å halda de lesarar oppdatert under pandemien, både med dei hyggelege og dei mindre hyggelege nyheitene. Me takkar alle dykk som les Fitjarposten, og alle de som har tipsa oss i løpet av året. Dykk gjer det mogleg for oss å skriva spennande sakar, og halda kvarandre oppdaterte om kva som skjer i Fitjar.

Me ynskjer med dette alle våre lesarar ei riktig god jul, og eit godt nytt år.