Foto: Fitjarpostenarkiv/alexandrachernyshova.com

Fitjar kan å by inn til musikalske høgdepunkta, og 1.februar vert det Operagalla med song og musikk av topp kvalitet.

– Ja, det er ei stor æra å få invitera til Operagalla med Runar Thor Gudmundsson og Alexandra Chernyshova. Den alltid dyktige Irene Simonsen stiller på flygele, fortel Ole Bergesen, dagleg leiar på Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Islandske Runar Thor Gudmundsson har songutdanning frå Island og Italia, og har gledd Fitjarbuen med den vakre stemma si fleire gongar tidlegare. Han får med seg russisk-ukrainske Alexandra Chernyshova, som har budd på Island sidan 2003. I tillegg til å synga opera, har ho komponert fleire musikkstykke.

Mat for dei som ynskjer å fortsetja kvelden

Han gler seg til denne kvelden, og fortel at FKIB har fått Fitjar Fjordhotell med på laget denne kvelden.

– Ja, Fitjar Fjordhotell diskar opp med mat og vin etter konserten. «Smaken av Toscana» har dei kalla hendinga, etter filmen med same namn. Gudmundsson og Chernyshova kjem med til hotellet, og stiller med musikalske innslag innimellom maten.

Bergesen trur dette kan verta ei heilaften for dei som ynskjer det, men minner folk om at bord til hotellet på bestillast utan om billetten til operagallaen.

– Eg håpar dette vert ein kveld der folk kan samlast litt på tvers av dei dei «alltid» heng med. Opplegget er bra, so no står det berre att å sjå om folk vil vera med, avslutta Bergesen.

Operagallaen startar kl. 18.00 i kultursalen.