Fitjar skulekorps på scenen under NM for skulekorps 2017. Foto: Helga Rimmereid

 Ein flott prestasjon

– orda kom frå domar Arvid Anthun etter Fitjar skulekorps si framføring av Thyellene under NM for brass-skulekorps i Stavanger i helga, og mange vil sei seg einig i det. 

Vidare sa domarane Arvid Anthun og Sverre Stakston Olsrud at Fitjar skulekorps var ein fin start på NM for dei, og at det var fantastisk å sjå så mange flinke musikantar på scenen. Dette utdjupa dei med at det var ein flott, mystisk opning på stykket, det var gode solistinnslag, korpset hadde vakker klang, det var god agressivitet i trombonegruppa, det var godt jobba av slagverkverkgruppa som synte godt teknisk spel, og det melodiske slagverket vart trekt fram som vakkert. Korpset fekk skryt for at dei er gode når dei spelar sterkt og at det var ei mektig avslutting på stykket. Dei vart utfordra til å våga å spela endå svakare på svake parti og å jobba med lange lyriske parti. Mykje entusiasme, godt gjennomarbeida og godt leia, var domarane si oppsummering, saman med oppfordringa om å jobba vidare og ikkje minst behalda spelegleda.  

Det var ein stolt og letta korpsgjeng som saman med dirigent Svein Roger Koppang forlot podiet etter å ha levert ei svært god framføring av konkurransenummeret sitt. Fitjar skulekorps tel heile 43 musikantar og var det første 1. divisjonskorpset på scenen denne dagen. Totalt 1100  musikantar fordelt på 37 korps og 4 divisjonar var med i NM og blandt alle desse høyrer altså Fitjar skulekorps heime i den øverste divisjonen, som eit av dei aller beste korpsa i heile landet. Nivået er høgt og konkurransen stor, men med sine 85 poeng, som haldt til ein 9. plass, 1/2 skarve poeng bak 8. plassen, synte Fitjar for andre gong at med den besetninga dei har i dag og slik dei jobbar i dag så høyrer dei heime i 1. divisjon.  (Fullstendig resultatliste vil ein etterkvart finna på Norges musikkorps forbund si heimeside her)


Musikantar i alderen 8 til 19 år i flott samspel i Stavanger konserthus. Foto: Helga Rimmereid

Ess-kornettist Elin Korsvik, som no som 19-åring har sju NM bak seg, seier at opptredenen på laurdag er ei oppleving ho aldri kjem til å gløyma, og at ho synes det blir spennande å fylgja korpset vidare når no «nye generasjonar» skal overta. Nokre av desse «nye» er Ingeborg Sørfonn og Linnea Olsen som nett er ferdig i 4. klasse og som debuterte i NM i år. Sjølv om dei var «førstereis» musikantar hadde dei ei god oppleving av NM-deltakinga og syntes det var både spennande og morsomt å vera med. Og at dei budde enkelt under konkurransen og sov trongt og kaldt på flatsenger på klasserom på Tasta skule, det synes dei var heilt greit. Dei hadde det bra og sov «drit-godt», i allefall den andre natta, etter at konkuransen var over.


Linnea Olsen Heggland og Ingeborg Sørfonn er klare for si første NM-deltaking. Foto: Helga Rimmereid

Etter NM-deltaking og to netter i Stavanger gjekk turen i dag vidare til Evje og Kristiansand. Der er korpset no innstallert i hytter og skal nyta gode og velfortente fridagar på Trollaktiv og i Dyreparken. Og på telefon frå Evje melder den tydeleg stolte leiaren i korpset Arnhild Jordan Raunholm: 

– Eg er mektig imponert over kva dette unge korpset har prestert, ikkje minst med tanke på det høge nivået i divisjonen !


Fitjar skulekorps – ein flott og flink gjeng. Foto: Helga Rimmereid