– Kjære kyrkjelyd! Eg er glad for at eg har blitt kjent med dykk alle, og tusen takk for omsorga.

 

 

Det er ikkje ofte at preika blir avslutta med applaus. Men det var altså det som skjedde søndag då Nobukazu Imazu preika for siste gong i Fitjar kyrkje. Og etter det som var ei godt  besøkt gudsteneste var det det færraste som gjekk heim når Nobu skulle heidrast for innsatsen sin i Fitjar med pizza- og kakefest.

 

Treffande nok var taksten for siste gudstenesta med kyrkjelydsprest Nobu om dei tre visemennene frå Austen som kom for å tilbe Jesus. Nobu har fleire trekk til felles med desse mennene, noko også han sjølv trekte fram i preika si. Som dei kom han frå aust, med store mengder kunnskap og eit sterk ønskje om å vera saman med Jesus. Og no tek han altså alt sitt vesen med seg vidare, til Olsvik.

 

Det å ha eit særskilt ansvar for ungdommane i kyrkjelyden var kanskje ikkje det Nobu først og fremst såg fram til å halda på med, då han i 2007 kom til Fitjar. Men det som han var minst trygg på, har blitt det sterkaste vitnemålet etter han. Noko som blei understreka av av fleire av dei som hadde med helsingar på avskilsamlinga etter gudstenesta.

 

Turid M. L. Fitjar er ein av ungdommane som har sett pris på Nobu sin innsats. Foto: Arne Vestbøstad

– Du har vore ein del av gjengen, opna Turid M. L. Fitjar med. Ho er frå det andre kulet konfirmantar Nobu hadde. – Når eg skal fortelja kor eg kjem frå, vel eg å fortelja om den kule padlepresten vår, fortalte.ho vidare. Og ho hadde fleire døme på kva ho meinte med kul. Å hengja ein kan kajakk opp i kyrkja er ikkje heilt vanleg. Ikkje å utføra ei eskimorulle i full prestekjole heller. Gjennom å gje ungdommane i KRIK leiaransvar ganske tidleg, etterlet han seg eit robust og stort KRIK-lag, så Fitjar er ikkje redd for den biten av ungdomsarbeidet i kyrkjelyden framover. Ho fortalte av Nobu har brukt mykje tid og eigne pengar for å få til gratis padlekurs. Og ho, som andre, trekte fram Nobu sin hang til kebabpizza frå Heiane, ein matrett han gjerne kjørte tur-retur for å skaffa til veie for seg og ungdommane.

– Du har sådd frø i ein heil generasjon, avslutta ho.

 

– Eg har ikkje vore ein ungdomsprest, men kanskje ein ungdommeleg prest, parrerte han. Han la også til, med eit glimt i auga, at han frykta at han skal bli ein gamal og keisam prest i Olsvik, når han ikkje har same kontakten med ungdommar.

 

Christina Koløen takka på vegne av årets konfirmantar for at Nobu alltid slo av ein prat når dei møtte han. Foto: Arne Vestbøstad

Mange peika på at Nobu har hatt stor omsorg for Fitjar. Sokneprest Olav Oma fortalte om sjuke og eldre som har fått besøk av Nobu. Oma fortalde at han kjem til til å sakna det daglege fellesskapet med Nobu, anten det er for å spørja han til råds, bli spurd om han er klar for litt kaffe eller Nobu som reiser deg for å gå ut og treffa ungdommar som går forbi. Også ungdommane opplever at Nobu har sett dei på ein spesiell måte. Prov på dette kom i form av ungdommane som bar fram helsingar.

 

Med seg frå sokeprest Olav Oma og dei andre kollegaane fekk Nobu eit måleri av Leif Kåre Helland, med motiv frå skjergarden i Fitjar. Foto: Arne Vestbøstad

Frå kollegaar på kommunehuset og kyrkjekontoret kom det mange helsingar til Nobu på avskilsdagen. Ordførar Wenche Tislevoll var svært takksam for Nobu si framsnakking av kommunen, og for arbeidet han har gjort for fitjarungdommen. Ho fortalte at ho kjem til å sakna å ha han med når kommunen går inn inn i friluftsåret 2015, med sin vilje og evne til å bruka naturen i Fitjar til å halda seg i aktivitet, særleg på vatnet i ein kajakk. Ho fortalte om dottera si, som berre var sånn passe interessert då ho blei med på padlekurs, men i etterkant var vond å få heim; ho var hekta. Ordføraren snakka også i drøymande ordelag om gourmet-måltid i fjøra på Kalveid, som eitt av dei mange minna ho har etter Nobu si tid i Fitjar.

 

Ordførar Wenche Tislevoll hadde berre skryt å koma med om personen og presten Nobu. – Han vil bli sakna, men me unner han nye utfordringar, slo ho fast. Foto: Arne Vestbøstad

Når Nobukazu Imazu reiser frå Fitjar, vil vil Fitjar ha ein stor plass i hjarta hans. – Det er vondt å flytta frå Fitjar, når eg ser på konfirmantane og tidlegare konfirmantar, erklærte Nobu, som også rekna med at det ville koma ei tåre etter at avskilet var over.

 

 

No skil altså Nobu og Fitjar lag for denne gong, men banda er ikkje kutta. – Det har vore ein god plass å vera og Fitjar vil alltid bety mykje for meg. Ta vare på fitjaridentiteten, oppmoda Nobu.

 

Tidlegare kyrkjeverje Harald Johan Sandvik fortalde om då han i si tid var med å tilsetja Nobu. Det var i konkurranse med Bømlo. Men Nobu fann ut at fitjardelegasjonen var enklare å snakka med enn bømlingane, og difor valde han Fitjar. Foto: Arne Vestbøstad