Kjekt med geiter ein kunne klappa. Foto: Ingrid Hovstad

Sjørøvarshow, geiter, eliasbåten og ansiktsmaling. Borna hadde det moro på Fitjarfestivalen.

Fitjarfestivalen hadde i år mange populære tilbod for dei aller minste. Det aller mest populære var nok sjørøvarshowet til Åge Stokken, Ståle Eskeland og Torill Berger.

Åge Stokken, Ståle Eskeland og Torill Berger leverte eit morosamt og spennande show. Foto: Ingrid Hovstad

Dei minste følgte engasjert med i jakta på skattekista. Etter store diskusjonar mellom piratane om kven som skulle lesa kartet fann dei til slutt kista. Ei magisk kiste der ein kunne ynskja seg kva ein ville. Dei prøvde å ynskja seg gullhjelmen, men ein skrivefeil gjorde at det vart ein gul hjelm på dei. Til mykje lått frå ungane.

Ivo tek traktorlappen med litt hjelp av pappa Per Egil. Foto: Ingrid Hovstad

Øvreygda 4H var på plass med aktivitetar til dei minste. Her kunne ein få seg traktorlappen ved å gjennomføra ei løype på trøtraktor. Rett ved sida av hadde Bondelaget kalvar, geiter og kyllingar ein kunne sjå på.

Flotte måleri på Fitjartun

I Fitjartun kunne ein sjå på flotte måleri av barneskuleelevar, og Ung RS var plass med Eliasbåten

I bodgata var det ansiktsmåling. Flinke ungdommar satt å måla ansikt heile dagen, og mange flott sommarfuglar, spiderman og monster gjekk rundt på festivalen.

Foto: Ingrid Hovstad
- Annonse -