Sommaren er forbi, og dei mange småkryp og insekt som høyrer årstida til vert borte etter kvart.

Ein godversdag i juli kom det to born til oss med ein edderkopp. Me prøvde å finne namn på han ved å søkje på internett, men er usikre på om det er rett. Edderkoppen liknar på kvadrat-edderkopp, Araneus quadratus. Me lurer på om det er ein sjeldan sort.

Sjølve fann me og eit vakkert eksemplar no i september. I dette høvet har me ikkje framlegg til namn. Det skal visst vere veldig mange å velje mellom. Er det nokon av lesarane våre som har kunnskap om edderkoppar ?