Annar Westerheim på folkemøte for skulane i fjor. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Debatt: Ved ei sentralisering og flytting til Rimbareid ville Fitjar fått den største skulen med 465 elevar i Sunnhordland, og med eit altfor lite uteareal som ville gå ut over aktivitet og trivsel for elevane.

Av: Annar Westerheim, Fitjar Arbeidarparti

Bakgrunnen for saka om sentralisering av skulane i Fitjar finn me i innstramming i kommuneøkonomien frå dagens H og FrP regjering. Ny barnehagenorm og skulereform utan fullfinansiering. Halvering av basistilskotet frå 13,7 mill. til 6,850, H og FrP ville kutta det heilt.

Småkommunetillegget vart halvert frå 5,4 mill. til 2,7 etter vekttal/distriktsinndeks der Fitjar ikkje lenger er definert som distriktskommune. Reduksjon i midlar til resurskrevjande brukara på 650 mill. dei siste tre åra, ytterlegare 350 mill. vart avverja i det siste budsjett forliket. Reduksjon i rammetilskotet for kvar elev frå 111.000 til 110.000, det vil for Fitjar  kommune bety 465.000 mindre til skule.

Dei frie midlane er mindre enn lønns og prisstigning, så resepten er ikkje å leggja ned grendaskulane eller flytta på klassar. Statistikk sentralbyrå SSB kan bekrefta grendaskulen sin betydning av folketallsvekst for Selevik krinsen, frå 1998 til 2016 har krinsen 59% av heile folketalsauken i Fitjar kommune. Grendaskulane har eit flott uteområde der elevane har eit variert tilbod for leik og aktivitet. 90 elevar kan sykla eller gå til skulen.

Skuledebatten i haust viste klart kva innbyggjarane i Øvrebygda og Selevik meinte om sentralisering av skulane. Ved ei sentralisering og flytting til Rimbareid ville Fitjar fått den største skulen med 465 elevar i Sunnhordland, og med eit altfor lite uteareal som ville gå ut over aktivitet og trivsel for elevane. Ein tredjedel av innbyggjarane ville mista nærskulen sin.

Elevane sitt beste har våre lite framme og vektlagt i skuledebatten. Sviktende elevtal var eit av hovudargumenta for innsparing. Prognosane for skulebruksplanen 2014-18 var ein nedgang på elevar frå 461 til 406, med framskriving/auke på 5 elevar kvart år var prognosen 431 elevar 218/19. Med svikten i elevtala ville kommunen mista rammetilskot til ein samla sum på 16 mill. i planperioden, konsekvens talet på stillingar måtte reduserast med 4 pr.år totalt 16.

Kva skjedde? Talet på lærarstillingar auka med 3 (differanse på 19 ), elevtaletauka frå 406 til 463. Elevauken var på 11 årleg , eller i kroner 1,2 mill. Skulebruksplan for 2018-2023 er ein blåkopi med dei same hovudtrekka, elevtalet vil falla frå dagens 465 til 408

- Annonse -

Med dagens framtidige elevar vil ikkje elevmassen komma under 450, ved nedlegging av grendaskulane kunne me fort fått fråflytting av småbarnsforeldre som ville mista ikkje berre skulen, men også SFO og barnehage tilbod.

Mange er flytta til og har ikkje nettverk med besteforeldre for å få kvardagskabalen med jobb og barnepass til å gå i hop. Flytting av sjuande trinn vil gje ei innsparing det første året. For skuleåret 2019/20 har sjuande klasse på Rimbareid berre ein klasse på 24 elevar, med flytting av sjuande trinn frå Øvrebygda og Selevik på 15 elevar utløyste det klassedeling til hausten 2020.

Delinga av sjuande klasse har ein kostnad på 675.000, i tillegg kjem elevtransport 2019/20 og 2020/21 på 180,500. Flytting av sjuande klasse kostar kommunen unødvendige 180.500 dei to første åra.

Sjuande klasse vil etter dagens prognose ha 50 elevar for skuleåret 2022/23, her kan det komma ei tredeling av klassar ved elevauke. I heile planperioden med gjennomsnitt på 13 elevar vil den årlege skuleskyssen kosta 93.860 med dagens satsar. Ser ein lenger fram får ein og klassedeling på sjuande trinnet i 2025.

Delplanane for skule er ikkje etter forvaltningslova som seier at skal ha ein skulebruksplan og ein skulestrukturplan. I dag er alt samla i ein plan med 4 års tidshorisont, nabokommunane har henholdsvis 8 og 10 år på skulestrukturplan. Arbeidet med ny Samfunsdelplan har vist at opposisjonen sitt budsjett var framtidsretta med å bevara grendaskulane som 1-7 skular, og satsa på utvikling og tilvekst.

Arbeiderpartiet går til val for å tryggja oppvekst miljø for ungane med å satsa på dei tre skulane kommunen har i dag. Høgre slo stort opp at dei satsa på ein grøn kommune med ladestasjon for elbiler i sentrum. Arbeidarparti satsar på ungane, der 90 elevar kan sykla og gå til skulen og kjenna seg trygge i sitt vante nærmiljø.