Eika ser ut til å spretta før asken i år, og det kan tyda på ein våt sommar, om eit gammalt vêrmerke stemmer.

Fitjarposten har sett med uro på at eika begynte å spretta for fleire veker sidan, medan asken var like naken. Uroa skuldast at landbruksredaktøren kom i hug eit gammalt vêrmerke. Før sa dei alltid at «ask før eik blir steik», og motsett, at «eik før ask blir plask».

Om dette har stemt, har ikkje fitjarposten følgt skikkeleg med på dei siste åra, men prøver altså i år. I går tok me oss ein liten tur ut for å sjå etter, og kunne slå fast: Eika er komen mykje lenger enn asken!

Då er det berre å venta i spaning på sommaren, og vona at det gamle vêrmerket slår feil. For me vil vel heller ha «steik» enn «plask».