Høgre og Ap fekk i formannskapsmøtet i går fleirtal for å kutta eigedomsskatten med 600 000 kroner i 2012. I tillegg var dokka i Årskog, SNU og iPad på saklista.

Når me snakkar om 600 000 kroner er det i høve til nivået på eigedomsskatten i dag. I høve til rådmannen sitt busjettframlegg ligg ein halvannan million kroner under.

Sidan dette har vore ei av dei fremste valkampsakene for Høgre under valkampen, var ei redusering her ikkje uventa. Heller ikkje at Sp og KrF ikkje var samde med fleirtalskoalisjonen sitt framlegg for å dekka inn dette. Dei vil koma med eit eige budsjettframlegg til kommunestyremøtet 14. desember.

Formannskapet vart det fleirtall i formannskapet for å melda seg ut av SNU, og samrøystes at alle kommunestyrerepresentantane skal få seg iPad (lesebrett).

Det vart og mykje snakk om den havarerte dokka i Årskog. Det viktigaste for Fitjar kommunestyre ar at dette ikkje må kosta kommunen noko.

– Her må dei som har ansvaret ta det, vart det på forskjellige måtar sagt av fleire representantar.

Men det hastar. Skal kaien i Årskog kunne nyttast til kai for mottak av vindturbinane, må noko skje snarast.