Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland og varaordførar Sigurd Andre Maraas får framleis mange henvendingar om eigedomsskatten.

– Me var for ei tid sidan ute med eit lesarbrev om eigedomsskatten i Fitjar. Den siste veka har me gjennom lokalpressa, sosiale media og direkte kontakt med folk, registrert at det er ein del reaksjonar på dei nye takstane. Me har etter desse tilbakemeldingane og eigne observasjonar fått meir kunnskap om temaet, fortel Rydland og Maraas.

Kommunen gjennomfører i desse dagar saksbehandling av retakseringa. Dette vert gjort etter reglane i lova om eigedomsskatt og dei lokale vedtaka. Nye takstar er sendt ut til eigarar av bustader, hytter, næringseigedomar m.m. Klagefristen på takstane er sett til den 12.04.21

– Me oppmodar framleis dei som meiner taksten er feil om å klaga. Klagene som vert sendt inn, er med på å danna kunnskapsgrunnlaget for utslag av eigedomsskatten. Når klagefristen er ute vil kommunen vurdera ei endring av dei lokale takseringsreglane dersom dei gjev openberre urimelege utslag for kategoriar av eigedomar. Eigedomsskattekontoret utgreier dette. Dersom reglane vert endra vil dei som er påverka av aktuell problemstilling få eit nytt vedtak , enten ein har klaga eller ikkje. Slike enkeltvedtak får ny klagefrist, skriv dei to.

Dei fortel at dette vil det koma meir informasjon om ca. 20 april.

– Målet vårt er at eigedomsskatten som vert utskriven i Fitjar kommune skal vera i tråd med det som er fastsett i lov om eigedomsskatt, og at den skal skrivast ut så rettferdig som råd. Den skal heller ikkje setjast høgare enn det som er nødvendig.